fredag 30. november 2012
onsdag 7. november 2012
Renessansen: Absalon Pedersson Beyer
Reformasjonen var
eit resultat av renessansen og humanismen. Det var eit opprør mot pavekyrkja
starta av den tyske presten Martin Luther, og som vart eit resultat av ei
todelt kyrkje. Ei protestantisk og ei katolsk kyrkje. Han meinte at paven var
som ein slags vikar i staden for Gud, og reagerte på korleis paven fekk mykje
pengar når menneska skulle kjøpe seg fri frå syndene sine. Luther ville ikkje
at noko skulle stå mellom Gud og enkeltmenneske, slik den katolske kyrkja
gjorde. Det var etter at reformasjonen blei innført at Absalon Pedersson Beyer
fekk stor betyding.[1]
Epoken renessansen,
som tydar atterføding, er ei nemning på den kulturhistoriske perioden som
strakk seg frå ca. 1450-1600-talet. Firenze i Italia blir rekna som sentrum for
renessansen, der interessa for gresk og romersk filosofi, kunst, litteratur og
arkitektur vart eit midtpunkt. Under renessansen fekk kyrkja mindre plass i
kunsten og interessa for eldre historie vakna.
Absalon Pedersson
Beyer er kjent for å være Noregs fremste renessansehumanist. Han vart født i Sogn
året 1528, som i dag blir rekna som starten på renessansen. Foreldra hans døyde
då han var eit lite barn, og berre 6 år gammal sendte onkelen han til Bergen
for å studere ved Bergens latinskule. Denne skulen vart også kalla "Den
lærde skule".[2]
Biskopen Gjeble Pederssøn,
som underviste på skulen, merka tidleg interesse for Absalon. Biskopen tok til
seg Absalon slik han gjorde med fleire elevar han meinte hadde potensiale til å
bli evangeliske prestar. Han sendte til og med Absalon til universitet i
København. Der studerte Absalon i fem år og budde hos biskopen Peder Palladius,
som var reformasjonens fremste mann i Danmark. Alt han gjorde, vart dekka av
biskop Gjeble Pederssøn.[3]
biskop Gjeble Pederssøn.[3]
Absalon vart lektor
i teologi, som vil seie læra om Gud. Han likte å uttrykke sine meiningar, og
dette gjorde han i gjennom sine yrker som prest, historikar, forfattar og
lærar. Absalon tok magistergraden i København i 1552. Året etter vart han
lektor i teologi ved Bergens katedralskule. 5 år seinare gav Absalon ut sitt
mest kjende verk som blei kalla for "Om Norgis Rige.” [4]
I humanisme var
tankane om enkeltindividet i sentrum, i motsetning til kristendommen med Gud i
sentrum. Her meinte humanistane at det var viktig å stole på sine eigne sansar
og inntrykk. Humanismen var ein kulturell bevegelse som vekka opp og raffinerte
språk, vitskap, filosofi og poesi frå klassisk tid. Absalon var ein av dei
såkalla Bergenshumanistane. Typisk for Bergenshumanistane var at dei
interesserte seg i renessansens idear og ideal. Verka dei skreiv hadde ein
politisk funksjon om korleis landet skulle bli styrt.[5]
Absalon er den dag i
dag ei utmerka kjelde til kulturen i Bergen under Rennesansen. Dette kjem av
hans verk som historikar og hans synspunkt som humanist. I hans mest kjende
verk, “Om Norgis Rige”, legg Absalon fram sine betraktningar om Norges stordomstid
og forfallsperiode. Då boka kom ut i 1567 skapa den stor merksemd, og Absalon
vart ein veldig omtalt person. I ein 20- års-periode frå 1552. I 1572 gav
Absalon ut ei samling av dagbøker om livet til Bergen. Det er denne samlinga av
tekster som verkeleg gav eit inntrykk av Bergen i renessansen. [6]
Absalon Pederssøn
Beyer var historikar, lærar, forfattar og prest. Han la grunnlaget for den andelege
fornyinga og lærdomsutviklinga i Noreg i tidleg nytid. Som tidlegare nemnt er
Absalon den mest kjende renessanseforfattaren i Bergen.
Absalon blei i 1553
utnemnt som lektor i teologi på katedralskulen. Han hadde veldig mykje kunnskap
om gresk og latin. I undervisninga tok han i bruk skodespel. Han tilarbeida
også utanlandske teaterstykke, og er den første kjende teaterregissøren i
Noreg. I 1562 let han sine elevar framføre Adams Fall på
domkyrkjegarden, som reknas til å være den første offentlege teaterførestillinga
i Noreg. Absalon hadde sjølv tilarbeida det opphavslege franske stykket frå
1100-tallet, som var veldig populært i mellomalderen. Slik blei Absalon den første
kjende teaterregissør i Noreg. I tida etter blei det oppført ei rekke stykke.
Han både omsette lokale tekstar, forfattande tragediar og komediar. Skulen ser
ut til å ha hatt mest suksess med stykket ”Tragædia de Imaginibus”, som
var ein tragedie om bilete. Forskjellen mellom dette stykket og dei andre var
stridsspørsmåla mellom presteskapa og storborgarskapa i byen sjølv. [7]
Han var ein
evangelisk lærar og predikant, men i historisk betyding var han kjent som
historikar og humanist. Som prest var Absalon den store refsaren av
bergensarens ville livsførsel. Likevel er det ikkje som forkynnar og refsar frå
preikestolen at Absalon har gjort sin største innsats, men gjennom sitt
humanistiske virke som lærar og historikar.
Absalon skreiv frå
perioden 1552-71 ei dagbok som er den viktigaste kjelda til vita om livet i Bergen
i siste halvdel av 1500-talet. Denne dagboka blei først utgitt i 1858, og har
ikkje hatt noko betyding i Absalons samtid. Historieverket Om Norgis Rige var
sannsynlegvis skrevet på oppdrag, og var kjent gjennom avskrifter lenge før dei
vart trykka i 1781. Verket byggjer blant anna på sagaomsetjingane til Mattis
Størssøn. Absalon skreiv dansk med norske innslag. Tekstane har vært ei viktig
kjelde i forskinga av det dansk-norske skriftspråket.[8]
Absalon var ein
sentral mann i Noreg under renessansen. Han underviste, skreiv bøker og preika
om Gud og humanisme. I dag er han kjent for å væra ein av dei såkalla Bergenshumanistane,
som var veldig opptatt av renessansen politisk og idealistisk. I tillegg har
han skrevet bøker som ”Om Norgis Rige” og laga stykke som ”Tragædia de Imaginibus” Absalon brukte heile sitt liv på å uttrykkje
sine meiningar, og hans entusiasme speglas av den dag i dag.
http://www.bokselskap.no/forfattere/absalonhttp://www.home.no/hajbrid/norsk/renessansen.html
Abonner på:
Innlegg (Atom)